
Tida er no inne for å stemme fram fylket sin kandidat til semifinalen i Årets Avløysar 2021. Vi har fått inn heile 33 flotte kandidatforslag, og av desse stettar 21 kandidatar nominasjonskrava. Nokre ynskjer ikkje delta i konkurransen og det betyr at det no er 17 avløysarar fordelt over 9 fylker som skal stemmast på. I nokre fylker er det kun ein kandidat, men vi presenterer dei sjølvsagt på lik linje med alle andre.